Kristin Brovold
Dag 1: Parallelt spor kl 1430:1600
Hilde Susann Aadland er avdelingsleder for personalgruppa og Trygve Dahl er rådgiver for helse og omsorg i Stord kommune.
Stord kommune har sidan 2007 nytta metoden prosessmodulering ved gjennomføring av endringar. Denne modellen har ein del felles element med KS sin K-Lean modell. Hausten 2015 vart K-Lean teke i bruk som eit verktøy for systematisk utvikling og effektivisering i Stord kommune. Tillitsvalde og alle leiarane fekk opplæring i modellen. I tillegg vart 8 vegleiarar lært opp særskilt for å utføre Lean systematisk på områder som ein sjølv ikkje kjenner.
Hovedtema som belyses i foredraget:
Tema er korleis ein på ein systematisk måte kan nytta K-Lean i ein mellomstor kommune. Det blir døme frå arbeid med å forbetra rutinar ved klage om byggesak. Korleis halda tidsfristar og unngå unødvendige opphald i prosessen. I tillegg til tilsette får dette konsekvensar for innbyggjarar og bedrifter.
Kva har me lært? Korleis gjennomføra K-Lean og kva er viktig å ha fokus på?
Klikk for å melde deg på nyhetsbrevet.